
tirsdag 10. november 2009
På flyttefot!

lørdag 24. oktober 2009
I verkstaden
Velkommen innom butikken!
Jula ventar rundt neste sving og kanskje nokon er på utkikk etter noko særskilt til å legge under juletreet i år! Eit smykke, nål eller ring i form av eit godt minne frå ei svunne tid.
Alle produkta er laga av gamle tallerkar,koppar og kar med og utan skår !
Om dagen lagar eg hjarter, for det er vel ikkje noko som får oss meir i julestemning enn hjarter- omsorg og kjærleik høyrer jula til!
I år blir eg å treffa i Rosendal før jul, det gledar eg meg veldig til! Rosendal er ei nydeleg bygd og kven kan vel takka nei med ein så fristande invitasjon:
“Tanken bak “Jul i Rosendal” er at vi skal ta jula “tilbake” Vi vil gje små og store ei god oppleving med vekt på juletradisjonar, det å sitja i ro med kakaokoppen og høyra gamle juleforteljingar og få kjøpa gåver som er laga med varme og omtanke”
Kanhende me sjåast i Rosendal! Her kan du lese meir!